Land og strand
Irene Karin Torvund har så visst ikkje berre sete på Fitjar med handarbeid-stand. Ho har farta mykje omkring i landet med produkta sine, og listar opp stadar ettererkvart som ho kjem på dei: Eidfjord, kanaldagane på Bømlo, Berg i Helgeland (ved Brønnøysund), Solidhuset, Randaberg, Karmøy, trebåtfestival i Norheimsund og Tysnesfest.

Ikkje ver redd for å prøve
Når det gjeld toving, meiner Irene at det er berre å prøve. Men ein må nytte rein ull, elles tovar det ikkje. Sjølv nyttar ho «Cortina-garn» til tøflane. Det er sterkt, seier ho – og fortel at ho i tillegg fører på latex til såle.

Irene handlar mykje hos Ullform i Stavanger, og ho har òg gått to kurs hos dei. I tillegg finst det sjølvsagt òg bøker om toving. Irene Karin Torvund har lese mange av dei.

Henriette

Erika

Tova hatter og veske med nålefilting